søndag 25. juli 2010

Vi har vore heime i ei veke... Savner Afrika:)

No er det ei veke sida vi kom heim ifrå Afrika, det føles godt men også veldig rart! Er rolig og stille her i Norge, er stor forskjell på å gå ut døra her og i Afrika. En kan bli litt forfjamsa når ein plutselig ikkje blir omringa av 10 ungar, og ikkje lenger føler seg som den største popstjerna:) (Men absolutt ein veldig befriandes følelse også). Ankomst Oslo søndags morgen, etter over 4 veker i Afrika kan nesten føles litt ensomt.


Vi har vore forberedt på at det kan vere hardt og kanskje eit lite kultursjokk å vende heim til Norge. Det er ein stor overgang å gå frå så trange kår som vi finn i Afrika til vårt velstandssamfunn. Merkar et eg blir meir bevisst på å takke for all mat eg får, og sette pris på alle dei godene vi har. Vi savner veldig våre vennar i Rwanda, er rart å tenke på kor gode vennar vi blei på så kort tid. Fantastiske folk!!


Siste dag i Rwanda var Olaug og Marianne ein liten tur i bryllup, tidenes kortaste bryllupsforberedelsar og ankomst bryllupet på motorsykkel:) Veldig kjekt å sjå eit afrikansk bryllup, men sidan det var siste dag i Rwanda og feiring av seier frå EAC var vårt store ønske å komme tilbake til fotballbana. Der var det ei stor avskjedsscene, trist å sei hadet til alle sammen. Etter det følgte ein gjeng på ca 20 stk oss tilbake til hostellet. Der vart det plutselig tid til ei brus på alle sammen, så vi inviterte til fest. Kjempetrivelig og god stemning på restauranten.


Etter ein månad i Afrika gjer ein seg visse refleksjonar, og når ein kjem heim begynner tankane virkelig å svirre:

-Kor takknemlige dei er for det dei har.

-Dei fleste av oss her heime er så heldige at vi har begge foreldra våre og alle søskena våre i live , ingen sjølvfølge.

-CHRISC betyr alt for nokre av desse ungane.

-Fotball er fantastisk!

-Gud er god!

-Kunnskap og skule er veldig viktig for dei, dei higer etter ny kunnskap.

-I Afrika er det mykje korrupsjon

-Stort pågangsmot og enorm vilje til å stå på vidare-kultur. Dei er imponerandes!


Rwanda er eit fantastisk flott land, men veldig mange nydelige mennesker. Murakoze (tusen takk) CHRISC Rwanda!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar